Meir enn ein IT-leverandør
Omega 365 Solutions AS er i sterk vekst, og stadig aukande interesse for løysingane me lagar gjer at me treng fleire dyktige ansatte med på laget til hovedkontoret vårt i Ølensvåg.
Me tilbyr ein spanande arbeidsplass med varierte dagar, gode moglegheiter for eigenutvikling, og gode kollegaer med masse kompetanse og erfaring. I løpet av våren ynskjer me å forsterka fagmiljøet vårt med nye systemutviklerar som kan bidra med engasjement, kunnskap, erfaring, meningar og idéar.
Gjennom åra har me opparbeida oss ein leiande posisjon innan programvare og systematikk for prosjektgjennomføring, forvaltning, drift, og vedlikehald. Kundane våre er dei største og beste innan sine bransjar, blant anna innan energisektoren, bygg- og anlegg, infrastruktur og landbasert industri.
Me trur på ein smidig design- og utviklingsprosess og testar ut løysingane våre fortløpande saman med reelle kundar. Me ynskjer å gjere kundane våre betre ved å levera det me meiner er beste praksis gjennom gode systemløysingar og gode arbeidsprosessar.
Hos oss jobbar me med
Me er på jakt etter deg som
Kva kan du forvente av oss:
Både du med interesse for fagområdet, du som er nyutdanna, og du med fartstid vært oppfordra til å søka. Høg danning kompenserer fort for låg utdanning.
Omega 365 Solutions AS vart kåra til årets lærebedrift i Rogaland i 2023. Me har meir enn 2.200 ansatte verda over og er eit av Norges største privateigde IT-selskap.
Heile verdien vår ligg i dei ansatte.
HQ Ølensvåg
Omega 365 AS
TBA
63702
10 apr 2024